mandag 17. september 2012

- Å eg søm he rædda økkun frå dine nissar!

Kven som redda kven frå kva.. Vel, vi skal ikkje ta den her og no. Vi skal heller ikkje rippe opp i gamle episoder som at vi vart ferska med kvar vår halvetne pizzabit i handa, berre for å oppdage at dei faktisk tilhøyrte nokon andre.Vi skal berre konstatere at det no er havrelefser som festar sine klamme grep, og at ferda til Amerika berre er eit vagt minne. Eller.. har vi kanskje endra oss for alltid? Enda heisaturen opp som ei danningsreise og kjem liva våre aldri meir til å bli dei same? La oss tygge litt på den. La oss nippe til eit passe surt glass raudvin, og nyte siste restene av det som måtte tålte dagslys av fotoalbumet. Takk for følgjet!

Times square. Just so u know!

Parking is expensive. That we know!

Mark i DC - vår aller først sofavert

Noah i Charlotte - som vi aldri møtte

Ting ein tek bilete av i Amerika som eigentleg ikkje er morosamt 1

Ting ein tek bilete av i Amerika som eigentleg ikkje er morosamt 2


Ting ein tek bilete av i Amerika som eigentleg ikkje er morosamt 3




Nash eelskar kattar

Marianne eelskar sol

Så var vi der, svart på kvitt


Medan vi ventar på nye episoder av Dallas 2012 :-)


    

onsdag 5. september 2012

- Hørr æ alle cowboyane?


Dallas er digg. Og GJETT kvar vi har vore? South Fork! Ein ekte ranch, med ekte glam i veggane. Vi er alt i alt mållause, og let berre bileta snakke for seg sjølv:















Når det gjeld trafikken i Dallas, er det rett og slett heilt Texas. Og da vi som minst trengte det, bestemte gps-en seg også for å streike. Nash ropte hurra for gode gamle google maps, sjølv etter to timar med sirkelkjøring. Heldigvis vakna spetakkelet til live att dagen etter. Og nemnte vi det? I dag tidleg fekk vi parkeringsbot IGJEN. Bilen stod parkert feil veg. Dette er NEPPE eit fritt land. Marianne vil no heim. Siste kulturelle oppleving på turen blir drive-in kino i kveld. Vi stikk ut til flyplassen grytidleg i morgon, og set nasen i kvar vår retning. Nash treng ei veke avkopling i San Diego, Marianne tek først Manhattan, så Berlin. Våre ferdaminni går mot slutten for denne gong. Det kan likevel hende at vi har att eitt og anna som høver for ålmenta, så følg med for siste opprydding i fotoalbumet!




Texas-vertar: Thurston og Jeff.

Little Ben? Ikkje ALT er større i Amerika..

Utgangspunkt for aller siste cowboy-jakt..

Vi HADDE trudd vi skulle funne dei her, da...

JFK-spot. Bak tilfeldig turist.

Texas byutsikt



tirsdag 4. september 2012

- Eg he læst økkun uti

Javel, så måtte vi oppleve det også. Ein snau time før vi kunne puste letta ut i Dallas, er nøklane låst inne i bilen. Ingen veit kvifor, ingen har gjort forsøk på å låse, ingen får dørene opp igjen ved normale forsøk. Vi ringer Budget i London, vi ringer Budget i New York og vi ringer Budget i Jacksonville. Dei sender oss til slutt ein døropnar. Han kostar pengar, så klart. Godt og vel 50 dollar, så takk for den. Årsaka var visstnok at alle nye bilar automatisk låser seg når alle dørene er igjen. Det er ikkje sant, vi har prøvd det ut, men dei hevda hårdnakka at det er noko alle veit.
Til høgre: Dørlåsar. Til venstre: Døropnar.


Endestasjon Dallas er iallfall nådd. Det er vi veldig glad og letta for, sjølv om vi held på å smelte bort. Men vi har vore på bassengfest, så det hjelp. Det var Labor day i går, så søndag var også ein bra utekveld, og vi tok med oss den i same slengen. Møtte nokre australske landevegsfararar som raskt kunne fortelja oss at det ikkje var særleg originalt å spørja om dei kom frå a land down under.

Søndag morgon var forresten ganske andre bollar. Vi hadde fått overnatting hjå Katie i Texarkana. (Merk at byen ligg i to statar, Texas og Arkansaas, og at namnet er ein kombinasjon av desse to). Vi hadde utelukkande fått negative reaksjonar på at vi skulle dit, så vi var svært spente. Men det var det ingen grunn til. Det var ingen cowboyar der, slik vi intenst hadde håpa, og den einaste attraksjonen Katie kunne koma på, var å dra til tinghuset og skryte av at du stod i to delstatar samstundes. Men søndag morgon tok ho oss med til kyrkjes, og det var i grunn også ganske fint. Det er ikkje til  underslå at det var på høg tid med eit gudsord på denne reisa. 

Katie. Vi kårar huset hennar til det finaste.



Plutseleg kyrkjesøndag.
Andre natta i Little Rock fekk vi tilbringe hjå Jon. Det viste seg at han skulle på eit utdrikkingslag den kvelden, og at vi var meir enn velkomne til å bli med dit. Det var utelukkande pilotar (og nokre navigatørar) frå den amerikanske Air force-en der, så vi kjente oss veldig feminine. Alle sa vi burde dra til Austin, noko som var ganske irriterande, sidan vi hadd valt oss ut Dallas på grunn av South Fork. Men det var kjekke karar, så synd vi måtte forlate dei.   
         
Jon. Vi kårarar utsikta hans til den beste.

Little Rock i refleksjon.


lørdag 1. september 2012

Mi kaupir øl ti han!

Så er vi komne til ein av desse fattige småbyane i sør vi var sterkt frårådde å overnatte hjå private i. Her finst ingen lojalitet overfor solbrente europearar i kvite dollarglis, er vi fortalt. Men vi likar å sprenge grenser og har enda opp hjå Kevin i Little Rock, Arkansaas. Han arbeider som ballongførar og er i oppstartsfasen som eigedomsspekulant i fattigstrok. Han har levd på flaskepant i Noreg og sykkeltransport i Danmark. Bilen går på vegetabilsk olje og hønene i hagen sikrar frukost kvar morgon.  Men vi klagar null, som vanleg. Vi har fått kjempegod middag og herlege senger. Av viktige norske tradisjonar har vi forsøkt å lære bort deikkeleiken Aldri aldri, og fortalt at vi sjeldan pratar med framandfolk med mindre vi er pære fulle. Nash er som vanleg stormforelska i hunden og katta, Marianne er i abstinens over mangel på tråldlaust nett, og greier dermed å undertrykke intens frykt for alt som er firbeint. Dei siste restene etter Isaac er elles i fred med å lette, og etter ei heller regntung natt skin sola atter over dei amerikanske slettene.

Kevin i musikalsk positur

torsdag 30. august 2012

Men, Marianne, fartsgrensun gjell kji i USA

Først av alt: Vi kom oss heilskinna og heilberga fram, og har ikkje sett snurten av noko som kan likne på orkan enno. Veret i Memphis kan enkelt skildrast som steikande sol. I dag set vi nasen mot Little Rock. Der skal det visstnok vera ein liten storm som leikar seg, så kanskje vi kan hake av for litt uver på turen, likevel.

Reisa frå Panama city til Memphis var lang og ikkje utan komplikasjonar. Marianne: Ein generelt forsiktig sjåfør, ein spesielt forsiktig sjåfør i ny bil, med nytt girsystem, i nytt land på nye vegar. Nash, ein heller utolmodig sjåfør - som ja, kanskje ikkje så overraskande, vil fort fram. - NO kjører du forbi! - NEI, det kjem møtande trafikk! Og så bortetter. Det er ingen grunn til å utbrodere. Marianne fekk streng beskjed om at fartsgrenser ikkje er til anna enn pynt i dette ville landet mot vest.

Ein god halvtime etter at Nash har overteke rattet: Blålys og UP hankar oss inn. - Mam, were you awere that you were driving 76 mph in a 45-zone? - Eh, no, not really. - Ok, I let you go with a warning, then. Vel, la oss seia vi møttes på halvvegen. Fartsgrenser er ikkje heeilt utan betydning her borte, heller.

Så fort vi kom fram fekk vi innlosjering hjå Aaron. Triveleg fyr, lærar for underklassen i Memphis, avskyr likevel alt som smakar av Dangerous Minds og denslags kulturell glorifisering av yrket hans. Huset er det mest forskansa vi har vore i så langt. Kvar morgon vaknar vi til ei intens kvinnestemme som skjer oss i øyret: Lock that door! Lock that door! Da går Aaron ut for å jogge og alaramen er allereie på vakt. Ein ettermiddag vi var åleine måtte vi også gje pizzabodet følgjande beskjed:  - Can you go to the other door beacause of the alarm? We don´t live here. Ingen vart visst mistenksame av den grunn.


Aaron.



Men Memphis har sjølvsagt ikkje berre vore tøys og tull, det har også vore rock ´n roll. Marianne brukte ein dag på Graceland og fekk med seg Elvis Presley sin storslåtte tidlegare residens. Nash var som vanleg been there, done that. Marianne syntes det var fint der ute, men at det også var kvelande mange souvernirbutikkar. Tok også ein tur innom Sun studio og fekk ei innføring i plateinnspelingane si spede byring her i Memhis. Det var vel så bra.

Hello Mary Lou 


Are you lonesome tonight? 
                           
             
                                                                                 

                                                                                                               Sailing on Mississippi  
 
                                                  


Where it all began..


Vi tok ein tur ut på kvelden, Beal street. Vi tenkte at det alt i alt måtte vera den beste måten å koma i waaalking i Memphis-stemning, og at dt var fint å kunne seia at vi hadde festa der. Det var tysdag kveld, så vi kunne kanskje kome på eit betre tidspunkt. Men det var mykje levande musikk, mykje blues og ikkje minst karaoke. Ein må berre takke den intense hosten for at vi ikkje stod på reportoaret den kvelden. Men vi møtte både roseseljarar, drosjesjåførar, baseball-spelarar og menneske frå Venezuela, og må alt i alt seia at det var ein heilaftan.    
Walking in Memphis



Sailin´on Mississippi





mandag 27. august 2012

- Det hadde vørt søø moro med orkan!

Så var det altså for sant til å vera godt. Livet i paradis er over for denne gong, kan det sjå ut til, og vi legg no avgarde til Mempis med ein orkan i helane.  Nauden lærer naken kvinne i spinne, eller i dette tilfelle å svi av litt gummi. I rein dødsangst har Marianne sagt seg viljug til å kjøre bil i Amerika, alt for å koma seg unna orkanen. Nash er meir avslappa, heller litt snurt. Vi hadde planlagt å reise til New Orleans no, via ei natt i Mobile, men er sterkt tilrådde å liggje unna kysten, så da blir det Elvis-land i staden. Couchsufing.org er framleis på vår side, og vi har allereie greidd å finne ein vert i Memphis. Desse amerikanarane, veit å kaste seg rundt.     

Fluktbilen
                                                             

lørdag 25. august 2012

- Syns du dætta æ gørrmoro?


I går svømte Nash med delfinar. Marianne held seg i båten, men var lite misnøgd av den grunn. Vi har sett paradise city no. Om nokon skulle lure, sola skin i dag også. Vi fortalde amerikanarane at det å vera solbrent blir sett på som ein luksus der vi kjem frå, og slett ikkje noko nederlag. Bra vert, og bra folk vi heng med også her. Evy er kjærasten til Paul, Steph er veninna til Evy. Dei er 22 og får oss til å kjenne oss likeeins. 


Det er kanskje ein tanke kvalmande å lesa om ein ferietur der absolutt ALT går vår veg. Kvar vart det av grauten på Grut, til dømes? Vel, Nash er kvalm iblant. Marianne oppmodar henne til å sovne for unngå å spy, Nash kan opplyse om at det ikkje er så enkelt all den tid Marianne snorkar henne inn i øyret halve natta. Marianne kan tilbake opplyse om at det ikkje er så enkelt å unngå all den tid ein er saft suse forkjøla. Nash vil spela sand-volleyball, noko som gir Marianne smerter i fingrane. Marianne elskar å spela biljard, noko som gir Nash smerter overalt. Marianne hylar og skrik over Nash sin kjørestil, men nektar likevel å kjøre ein meter sjølv. Vi har anten fått ein forsmak på ekteskap eller på skilsmisse. Men alt i alt har vi det faktisk gøy, og har vi det ikkje så gøy, har vi enno pengar til Pina Colada.    

Delfinar. Yrke: Delfinar.

                                                   Paul Mason. Yrke: Delfinjeger.

Marianne. Horisont: Uendeleg.